I dag har jeg lyst til å dele nok en av mine tekster med dere. Ikke så trist denne gangen, men den byr muligens på noen tanker i etterkant. Denne gangen er teksten på nynorsk, siden den ble skrevet i skolesammenheng.
Enjoy. :)
Havbrisen
Mens eg sto ved havkanten i går, kom vinden og greip tak i meg med sin fascinerande styrke. Med dei usynelege henda sine held han meg fast i skuldrene. At vinden hadde auge var noko eg aldri ville ha trudd, men i går kjende eg heilt tydeleg dei intense og djuptstikkande auga som spegla seg i mine blanke og kalde.
Med sin kviskrande og blaute stemme trengte den iskalde havbrisen seg inn i sinnet mitt, og spurde korleis eg hadde det. Lyset i auga mine var nesten stilna, og kroppen min viste ikkje like mykje glede som før, sa han.
Brått reve ut av eigne tankar, så eg mot stemmen eg hadde høyrd. Eg kunne ikkje sjå nokon der, men eg svarte likevel at eg ikkje hadde det heilt bra. Havbrisen lurte då på kva som var gale, og utan å tenkje meg om la eg tankane mine fram på ei fjøl for han. Alle dei indre hindra mine forsvann som dogg for sola, og eg klarte ikkje å stoppe orda som leppene mine forma.
Eg forklarte vinden at eg følte meg mislukka og utilpass her i verda. Og at det virka som om ingen ville ha noko med meg å gjere. Å, sa vinden, kvifor det? Jo, alle kritiserer det eg tar for meg – uansett kor hardt eg prøvar å gjere det riktige. Alle personar eg binder meg til, byrjar etter kvart å hate meg. Eg sviktar alle. Kor mange gonger har eg ikkje tenkt at eg ikkje har noko her i verda å gjere. Eg vil berre forsvinne ned i eit mørkt høl, og aldri meir ha noko med verda å gjere.
Oi, sa vinden, og bøygde seg fram og gav meg ein klem. Eg skal love deg ein ting, min venn, og det er at all ting ein gong vil ordne seg. Ikkje la alle dei negative tinga påverke deg; når du vaknar om morgonen, tenk ein positiv tanke og gled deg over det du har. Det du ikkje har er heller ikkje noko å søke etter. Graset er ikkje alltid grønare på den andre sida.
Vinden slapp taket han hadde hatt på meg under heile samtala, sveiva over kinnet mitt som ein katt som krevjar kos, og kviskra eit lykke til i øyret mitt. På veg bort viste han meg alle dei fantastiske fargane han har i seg, og gjorde mitt sinn lettare.
Bekymringslaust let eg meg deretter drive med vinden, og observerte styrken, kulden og evna hans til å øydeleggje – og eg let meg inspirere.
Om vinden nokon gong verkeleg pratet med meg veit eg ikkje, men uansett gav han meg det eg trengte og let meg vite at eg aldri var aleine, enn kor mykje eg følar det.

Hej
SvarSlettVil bare lige sige at det er virkelig smukt det du har skrevet. Inspirerende:-)
Med venlig hilsen
Linda